I denne leksjonen er temaet vennskap og forelsking. Dei lærer også gloser om kropp og utsjånad.
Landeskunde-delen presenterer eit gymnas i Stuttgart.
I grammatikken er adjektivbøying etter ubestemt artikkel tema.
Førlesing (Einstieg)
Kapittelopnaren viser bilete av ungdommar og illustrerer vennskap. Kva er viktig i eit vennskap? Kva kjenneteiknar ein god venn?
Samle ord og uttrykk på tavla. Forslag: der Freund, die Freundin, die Freundschaft, das Vertrauen, zusammen sprechen, zusammen etwas tun, gemeinsame Interessen, Freunde, Freizeit, Spaß …
Lag assosiogram med namnet på kroppsdelar. La elevane lage gloseprøver, eller arranger glosestafett eller bingo.
A So ein Glück!
A-teksten handlar om to ungdommar som ikkje kjenner kvarandre, men som endar opp med å gå på kino saman. Han gir eit godt utgangspunkt for å snakke om filmopplevingar. På side 73 finn de ord og uttrykk som kan brukast til å lage intervju om interesser og hobbyar.
Finn ut kva fritidsinteresser elevane har. Kor mykje tid bruker dei på hobbyen sin? Samle info på tavle eller smartboard.
B Es gibt nur ein kleines Problem
Songen av Nena inneheld gloser som har med kroppen å gjere. La elevane lære gloser om kroppen og bruke dei i setningar.
I leseteksten dreier det seg om eit kjærastedilemma. Les teksten og la deretter elevane lage eit framhald. Kanskje vil nokon lage ein kortfilm av teksten?
C Test
C-teksten er ein morosam test. La elevane ta han og deretter samanlikne resultatet. Kanskje dei kan samarbeide om å lage eigne liknande testar?
Landeskunde: Das Leibniz-Gymnasium in Stuttgart
I denne leksjonen presenterer vi eit gymnas i Stuttgart, og vi lærer om kva som er spesielt med denne skolen. Søk opp internettsida til skolen og la elevane svare på spørsmåla i boka. Sjølv om det er mykje vanskeleg språk, kan dei lære å leite etter konkret informasjon.
La elevane lage ein infotekst eller ein reklamefilm om sin eigen skole på tysk.
Wortschatz
Ordforrådet til denne leksjonen handlar om kjærleik og forelsking og om kroppen. La elevane lage gloseprøve for kvarandre, eller arranger glosebingo om kroppen.
Lytteøving
Hör mal! 5 «Schmetterlinge im Bauch»
Kapitteltest