Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Faktakopling – vekselpreposisjonane (*)

Preposisjonar med akkusativ eller dativ (vekselpreposisjonar)

an (berøring fra sida)
auf (berøring ovenfrå)
hinter bak
in i, inne i, ut i, inn i
neben ved sida av
über over
unter under
vor føre, framfor
zwischen mellom

Preposisjonane styrer både akkusativ og dativ, og da er det verbet som avgjer kasus. Dersom verbet uttrykkjer ei retning, ei rørsle eller ein overgang frå ein tilstand til ein annan, bruker vi akkusativ. Dersom verbet uttrykkjer ro, eller rørsle innanfor eit bestemt område, bruker vi dativ.

Døme:

Er hängt das Bild an die Wand. Han hengjer biletet på veggen. Rørsle → akkusativ
Das Bild hängt an der Wand. Biletet heng på veggen. Ro → dativ
Der Hund legt sich unter den Tisch. Hunden legg seg under bordet. Rørsle → akkusativ
Der Hund liegt unter dem Tisch. Hunden ligg under bordet. Ro → dativ
Der Mann läuft in das Haus. Mannen spring inn i huset. Rørsle → akkusativ
Der Mann läuft im Haus. Mannen spring inne i huset. Rørsle innenfor et område → dativ